Elisabeth og Halvard
Vi fekk verkeleg det vi var ute etter då vi valte Lene som fotograf på den store dagen vår. Ho stilte opp presis og med strålande godt humør. Vi opplevde Lene som samarbeidsvillig, profesjonell og tilstedeværende, ho var tålmodig, beroligende og hjelpsom. Det var herlig å ha ein fotograf med eit smil om munnen heile dagen og den dagen blei lang. Lene var konsentrert om oppgåva og hadde full kontroll over situasjonen. Det gjekk tydeleg fram at ho hadde gjort dette før, og det gjor at vi slappa meir av. Vi er glad for at Lene ville dele dagen med oss som fotograf. Det at ho var så imøtekommande, ikkje berre med oss men og med alle andre, gjor at ho også var ein gjest. Vi er og veldig fornøyd med resultatet av bileta. Dei er vakre. Vi fekk dei tradisjonelle og intime bileta vi ønskte, men vi fekk også sprudlande og kreativt herlege bilete. Vi kan verkeleg anbefale Lene som bryllaupsfotograf! Tusen hjerteleg takk.


Bryllupsfotografering
2014-04-24T19:11:29+02:00
https://www.lenefossdal.com/testimonials/elisabeth-og-halvard/