Kjerstin og Torgeir
Me var så heldige å få tak i Lene som fotograf då me gifta oss. Ho følgde oss med kameraet heile dagen, noko som var kjekt både på grunn av dei fine bileta ho tok, men også fordi ho er imøtekomande, hyggeleg og veldig blid!
Sidan ho har mykje erfaring med bryllupsfotografering veit ho korleis ho oppnår eit godt resultat, både i kyrkja, under middagen og ellers.
Me hadde ein del kontakt med Lene før bryllupet og ho var veldig interessert i kva ønske me hadde for fotograferinga, men kom også med gode tips og idear basert på si tidlegare erfaring.
På sjølve dagen jobba ho profesjonelt og effektivt, og ein merka nesten ikkje at ho var der. Ho foreviga likevel alle dei viktige høgdepunkta, men også mange av dei små øyeblikka og hendingane som oppstår i løpet av ein slik stor og minnerik dag. Me hadde veldig gjerne valt Lene som bryllupsfotograf igjen!


Bryllupsfotografering
2016-07-30T18:59:51+02:00

https://www.lenefossdal.com/testimonials/kjerstin-og-torgeir/